Med Kjartan Fløgstad til Moskva

Den 17. januar blir festivalprogrammet til Verden i Bergen 2018 gjort kjent. Nokre namn slepp vi likevel frå oss i vekene fram mot jul. I dag: Kjartan Fløgstad!

Tekst ved Øyvind Vågnes. Foto ved Julie Pike/Øystein Vidnes.

17. februar 2018 blir det dobbel dose Fløgstad: Ein av våre framste forfattarar kjem for å delta på to programpostar på sakprosafestivalen Verden i Bergen.

Festivalfavoritten «Jorda rundt på 80 minutt» tek publikum med på ei reise rundt kloden: Fire forfattarar får velje kvar sin by dei får fortelje om. Fløgstad har pakka den imaginære kofferten og gjort seg klar for nok ei reise til Moskva. Bli med!

Destinasjonen skulle passe godt, for forfattaren er i år aktuell med Trans-Sovjet Ekspress: Reiser blant underjordiske katedralar, luftslott og revolusjonære ruinar, ei bok basert på fleirfaldige, kontrastrike reiser i Sovjetunionen, Russland, og tidlegare austblokkland.

Boka fekk mykje merksemd då ho kom ut. «Få kombinerer hardhet og mykhet på like fascinerende måter,» skreiv Klassekampens Tom Egil Hverven om Trans-Sovjet Ekspress.

Fløgstad er kjend som forfattar av både romanar, dikt, og skodespel, men er også ein av våre mest markante sakprosaistar, anten det dreier seg om essays eller reiseskildringar – og han går ikkje av vegen for ein debatt.

Verden i Bergen 2018 har invitert forfattaren til å lese nokre sjølvvalde utdrag frå sakprosaen han har skrive gjennom eit rikt og mangslunge forfattarskap som har vart i eit knapt halvt hundreår. Kva får vi høyre? Møt opp, finn ut!