Festivalprat #3: Kristin Fridtun

Kristin Fridtun omtalar seg sjølv som hen. Til Verden i Bergen kjem hen for å snakke om livet som transperson i Norge og andre stader i verda.

Kjønn og ukjønn

– Boka di heiter Kjønn og ukjønn. Kva meiner du med «ukjønn»?

– Med «ukjønn» meiner eg kjønn og kjønnsidentitetar som ikkje blir rekna som «skikkelege» eller «godtekne kjønn». Eg må streka under at ordet ikkje er meint som eit seriøst forslag til namn på slike kjønn. Den vesle partikkelen u- blir ofte brukt om noko vi mislikar eller synest er brysamt (t.d. uvêr og ugras), og det er ikkje til å koma frå at mange oppfattar oss transpersonar som forstyrrande. Vi lagar uorden i det etablerte kjønnssystemet.

– Og korleis blir «ukjønn» oppfatta rundt om i verda i dag?

– Svært ulikt! Kjønnsoverskriding er hipt og kult i visse miljø, til dømes i moteindustrien. Andre stader er det livsfarleg: Dei siste sju åra har over 1700 personer blitt drepne fordi dei er trans – og mørketala er truleg store. Likevel går det rett veg mange stader, til dømes her i Noreg. Den allmenne kunnskapen om kjønnslege minoritetar aukar.

– Kan du nemne 2-3 bøker som har betydd mykje for deg?

Norsk Ordbog (1873) av Ivar Aasen og Gender Trouble (1990) av Judith Butler. Sprenglærde folk båe to.

Tekst: Teresa Grøtan