Festivalprat #10: Bjørn Godøy

Det er ei forteljing om sjukdom og liding, vitskap og frykt – eit stykke noregshistorie, men òg verdshistorie – som bringar Bjørn Godøy til Verden i Bergen.

Smittsam og usynleg / Frykta som blindar

Bjørn Godøy er forfattar og historikar. I 2010 gav han ut boka Solskinn og død. Nordmenn i kong Leopolds Kongo, og i fjor kom Ti tusen skygger. En historie om Norge og de spedalske. For sistnemnde blei Godøy nominert til Brageprisen for beste sakprosa, og juryen stempla boka som populærvitskap og vitskapshistorie av ypperste merke og «en drivende godt fortalt beretning om hvordan Norge ble en moderne nasjon». Ti tusen skygger tek for seg dramatisk år på 1800-talet då spedalskheit blei oppfatta som det største trugsmålet mot folkehelsa i Noreg. Mens ein av dei eldste og verste sjukdomane menneskja kjenner til var utrydda andre stader i Europa, herja den nemleg framleis på kyststrekninga mellom Stavanger og Tromsø.

Tema for årets festival er usynlighet, korleis passar historia om Noreg og dei spedalske inn under dette temaet?

– Usynlighet er eit begrep som seier mykje om kva historie spedalske nordmenn har opplevd. På same måte som spedalske over alt i verda og gjennom heile historia har vorte skubba vekk frå samfunna dei levde i, slik vart òg norske menn og kvinner pressa vekk frå fellesskapet. Sjukdomen er i seg sjølv vanskeleg å sjå på. Det sosiale stigmet har vidare kravd at offera for sjukdomen måtte ut or syne.

– I eit essay i Bergens Tidende i går skreiv du om korleis kunnskap avlar frykt, og at fleirtalet i dei fleste samfunn er budd på å ofre einskilde individ om det berre gir ei kjensle av tryggleik. Hadde øvrigheita i Noreg folket i ryggen då dei forsøkte å sperre inne dei spedalske? Som du nemner er det jo noko av ei historisk kortslutning i det at lepraen aldri blei meir frykta enn etter at sjukdomens utbreiing i Noreg hadde blitt brakt under kontroll.

– Både den legevitskapelege og den folkelege haldninga til lepra endra seg i løpet av 1800-talet. Mens legane virra mellom forskjellige teoriar før dei landa på smitteteorien, så heldt den såkalla allmuen i det store og heile fast på nett denne teorien. Dei frykta folk med lepra av di dei trudde dei var smittsame. Haldningsendringane deira handlar meir om at sosio-økonomiske høve endra seg.

– Lenge såg ein ingen alternativ til å huse spedalske i heimbygdene. Det kosta trass alt å få nokon lagt inn på St. Jørgen. Då staten bygde ut lepra-institusjonane kring 1860, pusta mange fattigkommisjonar letta ut. Endeleg kunne dei kvitte seg med byrdene i lokalmiljøet. Blant nære familiemedlemmer og naboar var kjenslene meir delte. Det smerta å ta farvel med kjære vener, likevel fanst inga råd i mange tilfelle. Kjenslene hardna til mot slutten av 1800-talet, samstundes med at det såkalla hamskiftet endra bygde-Noreg. Då Armauer Hansen gjekk i bresjen for enno hardare lut mot spedalske, møtte han liten motstand på bygdene. Folk hadde vent seg til at samfunnet skulle bestå av folk som såg mest mogleg friske ut. I alle fall fanst det då grenser for kor sjuk ein kunne sjå ut.

– I samtalen Frykta som blindar skal du snakke med Edvin Schei og Gunnhildur Aranadottir om korleis storsamfunnet taklar smittsame sjukdomar som lepra og ebola, og kva for konsekvensar det får for individet. Er det ei naturleg og fruktbar samanstilling, synest du?

– Samanstillinga er interessant. Skilnadene mellom lepra i 1800-talets Noreg og ebola i dagens Afrika er så klart store. Samstundes kan hende ikkje så store likevel. Me snakkar om samfunn med temmeleg lågt utdanningsnivå, og der tilliten til skulemedisinen er varierande. Få vestlendingar venta seg særleg hjelp frå distriktslegen. Ikkje ulikt haldninga på mang ei afrikansk landsbygd tenkte dei at dei fekk klare seg sjølve. Både i 1800-talets Noreg og dagens Afrika har folkelege meistringsteknikkar spela ei viktig rolle for korleis farleg, smittsam sjukdom har blitt møtt. Nokre av desse teknikkane går uheldigvis ut på å straffe sjukdomens agentar – dei sjuke.

Les Bjørn Godøy sitt essay som sto på trykk i Bergens Tidende i går i anledning festivalen:

Screen Shot 2015-11-25 at 18.41.25

Tekst: Ingrid Myrstad