Festivalprat #4: Sarah Glidden

Kan eit handtekna bilde frå ein nyheitsak få oss til å empatisere med eit ukjend menneske på ein eigen måte? Den amerikanske teikneseriejournalisten Sarah Glidden trur det.

Møt Sarah Glidden i programposten Teikna sakprosa og Å teikne frå krigssonen.

Du har laga journalistikk i teikneserieform i ei årrekkje. Kva vil du seie er det viktigaste ein kan få til som journalist i eit slikt uttrykk samanlikna med den tradisjonelle journalistikken?

Teikneserien er framleis ein relativt ny måte å fortelje på. Dette gjer at han skiljer seg ut. Håpet mitt er at når nokon ser ein artikkel eller ei bok eg har laga som nærmar seg flyktningekrisa, så kan dei stoppe opp og gi meg 15 minutt av tida si. Men eg håpar også at teikneserien kan gi dei ein personleg inngang til ei sak som dei deretter kan orientere seg mot gjennom meir tradisjonelle former for journalistikk.

Teikneseriejournalistikk bør ikkje verte ei erstatning for andre typer journalistikk, men heller eit slags tillegg, og nokre gonger nettopp ein inngang. Eit handteikna bilde kan gjere det mogleg for ein lesar å relatere seg til og empatisere med eit menneske på ein heilt eigen måte.

Kven har inspirert deg i arbeidet ditt? Eg tenkjer både på serieskaparar, journalistar, forfattarar og kunstnarar.

Eg har definitivt vorte inspirert av Joe Sacco, både ved å lese bøkene hans og gjennom nokre diskusjonar eg har vore heldig nok til å få ha med han om teikneseriejournalistikk dei siste åra.

David Foster Wallace har vore ein stor inspirasjon for meg. I alt han skreiv, enten det dreidde seg om fiksjon eller ikkje-fiksjon, viste det at han var nyfiken på andre menneske og var utstyrt med ein djup empati for dei, til og med ein varme for dei menneska som til same tid frustrerte han.

Og så er eg glad i bøkene til journalisten Lawrence Wright. Både Al-Qaida og veien til 11. september (Gyldendal, 2008) og Going Clear: Scientology, Hollywood, and the Prison of Belief (Random House, 2013) er fascinerande verk, og kan by på interessant utforsking av store, kultiske organisasjonar.

Intervju ved Øyvind Vågnes

omslag