Festivalprat #10: Gunnhild Øyehaug

Under årets Jorda Rundt-arrangement tek Gunnhild Øyehaug oss med til New York for å vise oss korleis byen ser ut for ein som er heilt utan retningssans.

Mot Gunnhild Øyehaug i programposten Jorden rundt på 80 minutter.

Sjølv om du tidlegare har skrive både litteraturkritikk og essays, er dei fleste vande til å lese og høyre deg i skjønnlitterære samanhengar. Vi er sjølvsagt veldig glade for at du kjem til Verden i Bergen – men kor heime føler du deg sjølv i selskap med sakprosaistar?

Eg føler meg først og fremst som ein jordbuar i selskap med andre jordbuarar. Skjønnlitterær og faglitterær skriving har alltid vore delar av mitt skrivande liv. Innimellom koplar eg dei ulike strategiane på kvarandre – i novellesamlinga Draumeskrivar finst det til dømes ei novelle som er ein hybrid mellom eit essay om «Draumekvedet» og ei novelle om ei kvinne som tenker på ei linje frå Draumekvedet, og i essaysamlinga Miniatyrlesingar (som kjem ut seinare i vår) finst det eit essay om Olav H. Hauge og Michel Gondry der det opptrer ein gjettar i ein fotnote, ein som berre gjettar svara på spørsmåla sine, utan å drive kjeldegransking. Han ville nok ha fått stryk som sakprosaist. Men eg mistenker at det er nettopp difor han har fått lov til å vere med.

Under festivalens Jorda Rundt-arrangement skal du ta oss med til New York. Kvifor valde du akkurat den byen?

Fordi denne byen glitrar så sterkt at eg ville prøve å seie noko om han, – i tillegg til at eg ser på byen frå perspektivet til ei som manglar retningssans.

Til årets festival kjem eit heilt koppel av prislønte sakprosaistar. Har du ein sakprosaforfattar du vil trekke fram og oppmode andre til å lese?

Ei sakprosabok eg er veldig glad i å lese i er ei bok av den russiske filmskaparen Andrej Tarkovskij. Det er ei sakprosabok om film, og heiter Den förseglade tiden: Reflektioner kring filmkonstens etiska och estetiska grunder. Det interessante viser seg allereie i tittelen, at han vil undersøke både dei etiske og dei estetiske sidene ved filmkunsten. Viss ein kjenner seg trøytt av diskusjonar som ser ut til å dele kunst, det vere seg film, litteratur etc., inn i «form» og «innhald», der det ser ut til at ein må vele mellom dei, eller kjenner at ein har lyst til å lese noko som for eksempel viser korleis form og innhald heng saman, er dette ei veldig fin bok.  Her finst ein sterk interesse for det estetiske, slik som biletkomposisjon, kameraføring, musikk, og ikkje minst dramaturgi, men det er botna i refleksjonar kring kva eit menneske er. Eg tilrår den på det varmaste. Ein må kanskje berre vere litt interessert i Tarkovskij, då, får eg legge til.

Intervju ved Sandra Lillebø.