Festivalprat #1: Agnes Ravatn

Sjølv om Verden i Bergen 2018 nærmar seg, er det endå nokre veker til programslepp 17. januar. Men vi lar ein og annan løyndom frå programmet gleppe før den tid. Først ut: Agnes Ravatn! 

Intervju ved Sandra Lillebø. Foto av Grethe Nygaard.

Gratulerer med strålande mottaking av «Verda er ein skandale»! Er det sakprosaforfattar du er, inst inne?

Ja, strengt tatt er eg nok det. I det minste føler eg meg ofte meir som «meg sjølv» når eg skriv sakprosa enn når eg skriv romanar – dessverre, må eg kanskje legge til. Men så skriv eg jo òg ein type subjektiv og personleg essayistisk sakprosa der eg faktisk ER meg sjølv, det er ikkje akkurat Høgsteretts-historie.

Som aktuell sakprosaforfattar, er det ikkje litt bittert at skjønnlitteraturen plutseleg har stukke av med heile røyndomsomgrepet?

Bittelitt. Og eg ventar heile tida på at verkelegheitsromanen skal bli håplaust utdatert, for det er ein evig kamp å stå imot lysta sjølv! Men sidan eg er litt sjangermessig stripete synest eg vel alt i alt det er OK at ein kan dele røyndomen litt søsterleg mellom seg.

I boka skriv du om korleis det var å flytte med mann og barn frå hovudstaden til eit nedlagt småbruk på Vestlandet. Blei det nye tilværet i nærleiken av det du hadde tenkt og håpa på?

Nei, det blei mykje meir! Ingen av oss hadde på førehand trudd at me ville få det så godt som me faktisk har det her. Å bu her kjennest av og til nesten skjelvande dyrebart. Og heldigvis ligg Oslo, Bergen og Stavanger ca. 2 1/2 time unna – men berre som ein variasjon me sjeldan nyttar oss av. Sauene og kattane skal jo ha mat!

Kva for aktuell sakprosabok vil du anbefale, og kvifor?

Eg unner sjølv min verste fiende å kunne kose seg nokre kveldar i selskap med Kaja Schjerven Mollerins nydelege samtalebok med Vigdis Hjorth. Eg elskar dei to menneska. Gøy, klokt, kva meir treng ein å vite.