Spor i knoklar

14:00 - 15:00

Scene: Olav H. Hauge

 

Leila Guerriero er ein av Latin-Amerikas framste forteljande journalistar. I artikkelen «Spor i knoklar», som denne hausten vart omsett til norsk, skildrar ho eit argentinsk rettsmedisinsk team som reiser verda rundt for å identifisere knoklane etter ofre for militærdiktatur. Ho kjem til Verden i Bergen for å snakke om litteratur og samfunn med latinamerikakjennaren Kjartan Fløgstad.

Les mer om Leila Guerriero

Denne programposten føregår på spansk og norsk. Tolk: Bente Teigen Gundersen.

 

Leila Guerriero

Leila Guerriero er argentinsk journalist. Guerriero skriv fast i storaviser som El País og i magasina Rolling Stone og Vanity Fair og er redaktør for det meksikanske tidsskriftet Gatopardo. Ho har gitt ut fleire bøker, mellom andre Los suicidas del fin del mundo, Frutos extraños og Una historia sencilla. Bøkene hennar er omsette til engelsk, tysk, portugisisk og italiensk. I 2010 fekk ho den gjevaste journalistprisen i Sør-Amerika (CEMEX-FNPI-prisen) for dokumentaren “Spor i knoklar”. Artikkelen er publisert på norsk i septemberutgåva av magasinet Plot.

Kjartan Fløgstad

Kjartan Fløgstad har skrive tjue romanar og ei lang rekke essaysamlingar, dikt, skodespel og dokumentarbøker. Han har mellom anna fått Aschehougprisen, Nordisk Råds litteraturpris, Kritikerprisen, Noregs Mållags pris, Brageprisen og Gyldendalprisen. Fløgstad har skrive ei rekkje bøker frå og om kontinentet. Siste utgivingar: Mangdalenafjorden (Roman, 2015) og Dovre faller (Sakprosa, 2014).