Kjønn og ukjønn

16:15 - 16:45

Scene: Alver

 

Kjønn er lett, trur vi: Det er anten mann eller kvinne. I alle verdshjørne finst det menneske som demonstrerer det motsette – nokre med livet som innsats. Mange stader har «transfolket» vore innhylla i ei tåke av mytar og fordomar. Med utgangspunkt i boka Kjønn og ukjønn fortel Kristin Fridtun om situasjonen for kjønnsskeive personar i Noreg og internasjonalt.

Les intervju med Kristin Fridtun.

 

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er språk- og litteraturvitar med master i nordisk frå NTNU, og open transperson. Hen arbeider som føredragshaldar og forfattar med tre bøker bak seg. Den siste er Kjønn og ukjønn (2015).