Jorda rundt på 80 minutt

11:00 - 12:20

Scene: Olav H. Hauge

 

Vi opnar festivalen med ei reise jorda rundt. Som Phileas Fogg i den berømte romanen Jorden rundt på 80 dager drar vi austover. Bli med Kjartan Fløgstad til Moskva, Katrine Sele til Singapore, Dag Hoel til Havanna og Per Buvik til Paris.

 

Kjartan Fløgstad

er forfattar. Siste utgiving: Trans-Sovjet Ekspress. Gjennom underjordiske katedralar, luftslott og revolusjonære ruinar (2017).

Katrine Sele

er forfattar og kommunikasjonsrådgivar ved Høgskulen på Vestlandet. Siste utgiving: Jølster Hotell. Historiar frå eit asylmottak (2017).

Dag Hoel

er filmprodusent og forfattar. Siste utgiving: Fred er ei det beste. Fra innsiden av den norske ammunisjonsindustrien (2017).

Per Buvik

er professor emeritus ved Universitetet i Bergen og forfattar. Siste utgiving: Sjalusi uten grenser. Litterære dybdeboringer fra Evripides til Vigdis Hjorth (2016).