Frykta som blindar

14:48 - 14:48

Scene: Olav H. Hauge

 

Smittsame sjukdomar kan utløyse grenselaus frykt. To interesser står mot kvarandre: Å beskytte friske, og å gje dei smitta ei verdig behandling. Historia er full av eksempel på at sjuke sine menneskerettar må vike for plikta overfor fellesskapet. Kvifor nølte verdssamfunnet med å komme dei ebolaramma til unnsetjing i 2014? Kva gjer det med dei sjuke å bli isolert? Edvin Schei snakkar med Gunnhildur Arnadottir og Bjørn Godøy om bøkene De uberørbare. En feltarbeiders beretning om ebola og Ti tusen skygger. En historie om Norge og de spedalske.

 

Les festivalprat med Bjørn Godøy og essayet Synleg kunnskap, usynleg frykt.

 

Edvin Schei

Edvin Schei er fastlege, professor i allmennmedisin ved Universitetet i Bergen og forfattar. Han leier det offentlege debattforumet Filosofisk poliklinikk og har skrive fleire bøker, sist boka Lytt. Legerolle og kommunikasjon (2014).